
TIL SALS
Dette er ein av tre sjølvbetjente kioskar du finn i området. No er konseptet og bygga til sals!
Kan du tenke deg å drive kiosk? Eller ser du ein alternativ bruk for bygga? Kanskje tenker du at dette bygget hadde eigna seg til badstu, anneks, hytte, salsbod for lokalmat eller heilt andre ting? Vi vil gjerne at du tek kontakt og slår av ein prat!
Kontakt Ruben for ein prat.
Kven er vi? Tår AS vart starta av fire lokale karar frå Stadt, alle med etternamnet Dalsbø. William og Ruben er brødre og Vegard og Daniel er syskenbarn. Saman starta vi eventyret i 2021 gjennom Dalsbø InWest AS. Med bakgrunn frå byggenæringa snudde vi oss rundt, designa og bygde fyrst eitt, så to bygg til som kunne romme vårt nye konsept. I 2022 kom Ove Kjøllesdal inn på eigarsida gjennom selskapet Kjøllesdal Invest AS for å bidra til å ta selskapet vidare til lønnsnemd og potensiell skalering.
Kvifor Tår Snackbar?
• Kundetilgang: Kioskane våre er plassert strategisk i område med høgt besøkstal, og dei har vore tilgjengelege 24/7 utan lås, med glasdører og godt lys for høg synlegheit.
• Kostnadseffektivitet: Ved å eliminere store lønskostnader, kan vi tilby konkurransedyktige prisar og samtidig halde kvaliteten høg.
• Breitt utval: Frå snacks og brus til ferdigmat og nødproviant – vi tilbyr eit variert utval som møter behova til både turistar og lokalbefolkning.
• Attraktiv design: Våre kioskar har eit design inspirert av norsk natur, med ein stil som reflekterer kystlandskapet, noko som blir godt motteke av besøkande.
Utfordring Vi har brukt dei siste fire sesongane til å optimalisere drifta og tilpasse oss marknadsbehovet. Vi ser at konseptet fungerer betre og betre. På lang sikt trur vi besøkstala kjem til å auke, men for oss har det vorte tøft å drive på dugnad over lang tid. Difor vender vi oss til marknader med eit betre kundegrunnlag og tilsvarande eller større behov for konseptet. Etablering og skalerbarheit Konseptet vårt er allereie utprøvd med forholdsvis suksess. No er det klart for å prøve seg i ein marknad med meir oppdrift. Så lenge kundegrunnlaget er på plass vil vi påstå at konseptet er klart for oppskalering. Vi har frå starten av meint at Tår Snackbar er skreddarsydd for Lofoten, Senja og liknande stadar. Med mykje av utviklingskostnadene allereie teke, kan du gå rett til driftsfase med minimal risiko og stort potensiale.
Konseptet Tår Snackbar er utvikla for å møte behovet for eit påliteleg og tilgjengeleg tilbod på turistdestinasjonar. Mange stader i Distriksnorge opplever stor turistvekst, men manglar tilstrekkeleg infrastruktur. Vår løysing er å plassere moderne, døgnopne kioskar i område med høge besøkstal og lite eksisterande tilbod. Kioskane våre gjev tilgjenge til eit variert utval av mat og drikke, frå snacks til enkle måltid, til ein god pris. Namnet er henta frå den uformalle invitasjonen om ein «kaffitår». «Tår» kjem frå det norrøne ordet «tár» som betyr dråpe. Logoen er utforma som ein dråpe med utskjært kaffikopp i botnet. På bygget heng det logo i rusta stålplater som minner om fargen til kaffibønna. Heile konseptet er dreia rundt tilbodet om ein kopp kaffe, med noko attåt.
Bygga Designet er henta frå kystlandskap og veir. Forma på bygget kan minne om ein fjellknaus, ei bølge som slår eller at vinden har lagt bygget. Kledninga ligg på skrå for å symbolisere skitveir og vindauga hintar til regndråpar. Materialval er trykkimpregnert tre som har gråna naturleg. Konstruksjonen er av massivtre for stivhet under transport og ekstremveir. Bygga er mobile med diskrét løfteinnretnig. Dei har eige sikringsskap med 6 kursar inkl. utvendig stikk. Breidda på den fyrste er 2,5m, og dei to andre er 3,5m. Det enklaste er å frakte hovuddistansen på kjøl. Vekta varierer frå 2,5-3,5t.
Vil du vite meir? Vi vil gjerne diskutere korleis vi kan introdusere Tår Snackbar i ny marknad. Er du den rette å starte dialogen med? Vi ser fram til å slå av ein prat om di framtid som drivar og eigar av eit nytenkande kioskkonsept.
Venleg helsing TÅR AS v/Ruben Egeli Dalsbø
Dagleg leiar
// 95056245 // taarsnackbar@gmail.com www.taarsnackbar.com













